I løpet av 2018 har eg fått tilpassa førarmiljøet i ny bil.
Eg har fått tilpassa førarmiljøet i ny bil, for å framleis kunne køyre bilen min sjølv. Eg køyrer bil med joystick og har gjort det i 14 år til no.
Det har vore stor utvikling på området for førartilpassing sidan første bilen eg fekk tilpassa. Det har vore eit spanande samarbeid om tilpassinga mellom meg, rådgjevande fysioterapeut og teknikar ved Bilsenter Midt-Norge, Nav Hjelpemiddelsentralen Trøndelag, avd. Trondheim, bilombyggjar Handicare ved Moss og rullestolleverandøren Permobil.
Bilen er tilpassa etter same prinsipp som den gamle bilen min var. Men utstyret er oppdatert til eit meir avansert system. Eg køyrer bilen med firevegs-joystick. Eit døme er at ved å føre joysticken bakover, mot kroppen min når eg køyrer, gir eg gass, og ved å føre den framover, bremsar eg. Fører eg joysticken til venstre eller høgre svingar bilen deretter. Joysticken er progressiv og tilpassa mitt handgrep og styrke i handa. Den er festa til eit køyrebord som også er tilpassa meg og rullestolen min etter eksakte mål. Eg har brytarar på venstre side som eg betener ved bevegelsar med hovudet til funksjonane ved bilen. Det vil sei blinklys, horn og andre funksjonar. På sida av joysticken har eg små lette brytarar som eg betener med lillefingeren. Med dei brytarane vel eg blant anna gir. Til venstre for joysticka har eg ein liten tilpassa trykkskjerm som eg vel det eg må ha tilpassa, som til dømes varme, stille på speil og alt det ein bil har og by på og som må vere fleksibelt og kunne stille på. Eg har òg varme i køyrebordet slik at handa mi ikkje stivnar til av spasmer når det er lågare temperaturar.
Eg har dødvinkel-kamera og ryggekamera med forskjellige monitorar, ulike kamera er plassert på sidene og bak i tillegg har eg ekstra dødvinkelspegl. Eg sitter veldig godt fastspent til rullestolen når eg køyrer bilen, så eg må ha oversikt på alle sidene av bilen via spegl og kamera. Alt er automatisert slik eg gjer alle prosessane sjølv. Alt i frå å kome meg inn i bilen til å komme meg ut av bilen.
Foran kvar køyretur er må eg via eit system, teste at joysticka er ok og at sikkerhetsutstyret og backup verkar.
Med nokre enkle grep kan bilen gjerast om slik at andre kan køyre bilen. Då vert bilen køyrd på sitt originale system med ratt og pedalar.
Bilen er sjølvsagt godkjent av trafikkstasjonen og alt utstyret har back-up og sikring. Trafikkstasjonen har godkjent at eg taklar førarmiljøet som er tilpassa til meg gjennom sjåførlærar som er godkjent for opplæring av å køyre bil med joystick. Eg er heilt avhengig av bilen for å kome meg ut. Det er livskvalitet for meg å kunne ta bilen å køyre dit eg vil når eg vil. Eg har førerkortet mitt som eg tok då eg var 18 år.