Bodø innfridde

Brain Camp 2018 på Scandic Hotell Havet i Bodø 28.-31. August 2018

Eg har delteke på Brain camp 2018 i Bodø, denne gongen også som foredragshaldar. Det blei gitt avansert rehabilitering av teamet frå Sunnås sjukehus. Det var 9 andre deltakarar i same situasjon som meg. God mat og flott tilrettelegging av hotellet 🙂

Temaet i år var mellom anna om pust og korleis trene opp pusten. Kommunikasjon og kommunikasjonshjelpemiddel var også tema i lag med mykje anna. Fine temperaturar gjorde det mogleg å sjå byen i rullestolen 🙂