Tom, Tonje og Wenche på utstillinga Åpent Hus, Grini Mølle.

Utstillinga Åpent Hus 12 og 13 november 2022

Eg var på  utstillinga Åpent Hus  på Grini Mølle, Berum. Eg stilte ut 15 bilder frå mine originalbilder. Ellers  var der bilder måla av fleire norske og utanlandske kunstnarar. Tom Yendell var der også. Han er styremedlem frå den internasjonale VDMFK. Han kjem frå London, England. Han er også munn og fotmålar. På bilde ovanfor av oss står vi framom dei 15 munnmåla bilda mine.  Det store til venstre har Tom måla med munnen og eit kredittkort var verktøyet hans!

Munn- og Fotmalende Kunstneres Forlag er arrangør av denne utstillinga. Det er det Norske forlaget som er tilslutta det internasjonale VDMFK, som består av over 70 land. Foreninga har over 800 munn og fotmalande kunstnarar.