16 april 2026 var eg og Arleen på Pop up utstilling med familien Sand. Dei stilte ut sine originalar og reproduksjonar på Bjørndals minne her i Ulsteinvik. Det var stilt ut ca 400 maleri. Det var Aune Sand som var på utstillinga. Eg blei eigar av ein reproduksjon etter ein original av Vebjørn Sand som heiter «Guernica Ballet Blue». Det er eit måleri som syner lyset som kjem opp frå mørket. Enkelt fortalt i forhold til tankane bak tematikken til kunstnaren. Det var eit vakkert måleri. Aune og Vebjørn Sand er tvillingar og kjende kunstnarar begge to. Marianne Aunli stilte og ut mange fine måleri.
Meg og Aune Sand med ein reproduksjon av Vebjørn Sand som eg vart eigar av.