Om kunstnaren

Eg begynte å måle bilder med munnen ved ei tilfeldigheit i 2011. Tanken var at det skulle bidra til å styrke musklane i nakken, halsen og kjeven. Eg vart overraska over kva eg fekk til og skape på papiret med pensel i munnen 🙂

Eg likar og måle  arkitektur frå ulike perspektiv. Naturen inspirerar meg, særleg alle detaljane som fins i det vi gjerne trur er ein enkel ting! Eg er glad i fargar og naturen har eit fargemangfald som gir meg motivasjon.  Så synest eg det er spanande og eksperimentere med utradisjonelle fargevalg. Eg har alltid kamera med meg i rullestolen i tilfelle eg kjem over eit motiv.

Eg målar bilder med vannbasert oljemaling på oppspent lerret av lin som har fin struktur. Den fine strukturen er bra for den belastninga det kan bli på nakken og kjeven. Målebrettet eg brukar er tilpassa til meg og rullestolen min slik at eg greier å gjere heile prosessen sjølv.