Statsminister Erna Solberg med bilde av Brosundet i Ålesund som eg har måla med munnen
Statsministeren fekk bilete i gåve
Laurdag 3.august 2019, fekk statsminister Erna Solberg overlevert ei gåve på eit politisk arrangement i nabokommuna Hareid. Gåva var eit motiv, måla med munnen av meg. Måleriet er måla i 2017, og motivet er av Brosundet i Ålesund. Originalen er i Liechtenstein hos Association of mouth and foot painting artists of the world. I tillegg fekk statsministeren ei bok som eg gav ut i 2007, der eg skriv om hjernestammeinfarktet eg blei råka av. Barnebarnet mitt, Isabel, overleverte gåva til Statsministeren. Ordførar i Hareid kommune, Anders Riise, fortalte litt om bakgrunnen min og historia bak bildet ved overrekkinga.