Eg likar og måle arkitektur frå ulike perspektiv. Naturen inspirerar meg, særleg alle detaljane som fins i det vi gjerne trur er ein enkel ting! Eg er glad i fargar og naturen har eit fargemangfald som gir meg motivasjon. Så synest eg det er spanande og eksperimentere med utradisjonelle fargevalg. Eg har alltid kamera med meg i rullestolen i tilfelle eg kjem over eit motiv.
Eg målar bilder med vannbasert oljemaling på oppspent lerret av lin som har fin struktur. Den fine strukturen er bra for den belastninga det kan bli på nakken og kjeven. Målebrettet eg brukar er tilpassa til meg og rullestolen min slik at eg greier å gjere heile prosessen sjølv.